tirsdag 19. februar 2008

Eit spørsmål om sikkerheit


Kva fred er, er eit sentralt spørsmål i konflikta mellom Israel og Palestina. Når me tenkjer på fred tenkjer me ofte på fråver av vald og krig, ro, framgang, fridom, og generelt fine, koslege ting. Når israelarane møtte palestinarane til forhandlingar tidleg på 90-talet, var deira syn på fred noko anna – det var sikkerheit for israelarar. Og berre for israelarar, iallefall i fyrste omgang, og det seier seg sjølv at det er uhaldbart i ein fredsprosess at berre den eine parten skal vera trygg.
Det er på same bakgrunn israelske styresmakter bygger bypass-vegar (vegar som går mellom dei ulike nybygga (settlements) og Jerusalem), muren (eller gjerdet, som den er mange stader) og checkpoints som hindrar palestinarane i å reisa fritt mellom område innan dei okkuperte områda: sikkerheit. Sikkerheit for israelarane.
I dag gjekk me gjennom checkpointet her i Betlehem for å komma inn i Jerusalem. For oss norske (og svenske) er det ikkje noko problem, me veivar med passet og so slepp me forbi sjølv om metalldetektoren hyler (checkpointet her minner meir om ein streng flyplasskontroll, det er ikkje slik andre stader). Det er verre for palestinarar, dei må stå i kø, venta på opning av dører (det måtte forsåvidt me og), ta av seg sko på våte og kalde golv, og visa både ID-kort og tillating til innreise til Jerusalem (og attende). Alt på grunn av sikkerheit, for israelarar.
Muren er som nemnt bygd på same grunnlag, for å halda ute skumle palestinarar. I praksis er ikkje muren noko grense mellom to statar, den er eit hjelpemiddel for ein stat i deira okkupasjon av ein annan, ikkje annerkjend, stat, eit middel til å auka landet, få tak i ressursar og utmagra det okkuperte folket. Men attende til sikkerheit: i 2007 vart 7 israelarar drepne, tidlegare år var det mange fleire. Hurra, muren virkar! er dermed konklusjonen. Men dei som verkleg vil inn i Israel kjem inn, på ein eller annan måte – i 2006 vart 150 000 arbeidarar utan arbeidsløyve eller løyve til å sleppa gjennom checkpoint arrestert etter å ha komme over grensa/muren/gjerdet, svært få av desse ville den okkuperande makta noko vondt – det er nok ikkje muren som er grunnen til dei få angrepa mot israelske sivile det siste året. Men alt som kan støtta sikkerheit for israelarar...
Då er det viktig at det internasjonale samfunnet er med og støttar sikkerheiten til det palestinske folket, slik at ein i framtidige fedsforhandlingar kan få sikkerheit for begge partar, og ein breiare definisjon av kva fred er.

Ingen kommentarer: