mandag 18. februar 2008

Inntrykk av å vera innestengt

Skrive 17. februar:
Denne fyrste dagen i Palestina byrja med lunsj på YMCA i Beit Sahur (Sheperdsfield). Her har Joint Advocacy Intitiative (JAI) sitt kontor, og elles er greina her kjente for traumesenteret sitt. Her bur det ein gjeng gutar med traume, både fysiske og psykiske, som får hjelp og yrkestrening. I tillegg er det både jenter og gutar med i program som ikkje krev at dei bur på staden.
Me var i dag på ein lang tur langs muren i Betlehem. Betlehem er eit stort område, og inneheld tre byar i tillegg til ei mengd landsbyar: Betlehem, Bet Jalla og Beit Sahour. Det strekker seg frå Jerusalem til Dødehavet, men det er ikkje store område som er befolka. Desse områda er for det meste under palestinsk styring (dvs. indre mynde, for utsida er styrt av Israel) – og rundt områda går ”sikkerheitsmuren”. Denne kan vera eit gjerde, 25 meter breitt med tilsvarande buffersoner på kvar side, eller det kan vera ein betongmur, 8-12 meter høg med vakttårn. Denne muren stenger det palestinske folket inne, og hindrar dei i å nå eigedommane sine, markene og olivenlundane, utanfor. Dersom desse vert liggande heilt brakk i tre år, har Israel ”lov” til å ta over – men ikkje dersom det er planta oliventre på dei... (og der kjem til dømes me, og de, inn.) Me vart og fortalte om familiar som bur utanfor muren, i sine eigne hus på sine eigne marker – her bur dei ulovleg.
Muren vert bygd langt frå ”offisielle” grenser, og ofte snirkla til for å legga verdifulle område på israelsk side – til dømes vatn, fruktbar jord eller spesielle område. Jord vert ekspropriert til militære formål eller av sikkerheitsmessige grunnar – og muren legg seg nær inntil palestinsk busetjing. På fjelltoppane utanfor sprett israelske busetjingar opp, såkalla ”settlements.” Desse får eigne vegar og fri passasje til Jerusalem, medan palestinarane mistar tilgang til si eiga jord. Me var i eit område der ei mengd tre er merka for å bli rivne opp med rota – for å gi plass til muren som kjem til å skilja den fruktbare dalen frå byen Bet Jalla.
Eit av dei opprivne trea er å finna i gamlebyen i Betlehem, utanfor Fredssenteret og med Fødselskyrkja i bakgrunnen. Dette symboliserar det palestinske folket sit åk under israelsk okkupasjon, og er plassert der av JAI. Og her sluttar enn så lenge historia om trea og okkupasjonen, me var turistar ein kort periode.
Ein guide med eit hårreisane raskt engelsk og ein imponerande fart i skritta førte oss gjennom kyrkja (evt. kyrkjene) som ligg over Jesu fødestad. Ei mengd folk frå ulike land og ulike kyrkjesamfunn sto i grottene der det vert sagt han vart fødd, og det er spesielt å besøka denne plassen, som ikkje liknar det minste på tretolpane med halmtak me plasserar julekrubba vår i. Men ei kjensle av noko heilagt var vanskeleg å få, til det var det for mykje folk og for mykje kav. Derimot roa det seg godt ned når Maria og gjengen tok oss med til ein souvenirbutikk der dei kjenner eigaren godt – der sat me på plaststolar i gata og drakk søt te og roa oss ned, medan me fekk ein flott samtale. Dagen vart avslutta på YMCA i Beit Sahour med dokumentar om okkupasjonen, bakgrunn og verknader. Dette kjem me attende til, det kan eg garantera.
-Mari

Ingen kommentarer: