lørdag 23. februar 2008

Slutten på reisa

Reisa heim til Noreg gjekk greitt den - sjølvsagt er det tungt å reisa midt på natta, og særleg når det er so mange sikkerheitskontrollar på flyplassen, men alt i alt kom me oss vel gjennom. Vemodigt å forlata Palestina og folki der, men og godt å komma heim til si eigi seng.

Til tross for lengta etter eigi seng, har eg funne mykje inspirasjon i møte med Palestina og palestinarane. Mange er redde for at det ikkje skal finnast noko løysing i konflikta, i alle høve ikkje ei god og fredeleg, men likevel er det folk som kjempar, og held håpet oppe. Døme er bonden utanfor Betlehem som plantar oliventre på marka si for å halda unna nybyggarar, rektoren i Hebron som skjønnar at folk forlet Palestina, men som sjølv vil bli verande for å halda skulen sin open, og generalsekretæren i YWCA som nektar å flytta hovudkontoret ut av Jerusalem for ikkje å gi opp byen. Sjølv om okkupasjonen skulle vara i 40 år til, må me ikkje gløyma desse folki!

Ingen kommentarer: