fredag 22. februar 2008

Jorsalfararar

I dag har me gjort Jerusalem, so no er me ein god gjeng jorsalfararar. Gjennom checkpoint i dag tidleg gjekk betre enn i ettermiddag, for Anna ville ta "kort" av oss, og då vart det kjeft og hyling og skriking frå soldatane. Men i dag tidleg var me altså snille, og slapp inn til de heilage byen.

Me har gått rundt i gamlebyen, sett dei ulike kvartala og den store skildnanden mellom det muslimske og jødiske kvarteret. Me har og sett moskeane på Tempelhøgda, men på avstand sidan det er fredag i dag, og ingen andre en muslimar slepp inn på deira helgedag. Men me var og hjå klagemuren saman med alle turistane, og mange ortodokse jødar. Me såg og gravkyrkja - som i tillegg til å vera sentrum i verda for kristne og ein heilag plass for oss, er eit prov på indre strid mellom dei kristne kyrkjene. Svært trist.

Me besøkte og både East Jerusalem YMCA, og YWCA of Palestine - og begge generalsekretærane. Der fekk me høyra litt om begge organisasjonar sitt arbeid i heile Palestina, og me åt lunsj på restauranten til YWCA.

I kveld skal me eta meir... Det er avslutningsmiddag for oss, og me skal treffa nokre ugdommar frå ungdomsgruppa i Beit Sahur. Deretter skal me halda oss vakne natta gjennom, flyet går heim klokka halv seks i morgon. Eg gledar meg til å kommar heim til senga, men kjem til å sakna dette landet.

Ingen kommentarer: