lørdag 16. februar 2008

Ut på eventyr

No er det snakk om minuttar før eg akslar sekken og spring til bussen (ja, eg reknar med å springa), for å legga ut på eventyr. Midt på dagen møter eg dei andre olivenplantarane i Oslo, før me flyg vidare til Amsterdam, Tel Aviv og til slutt endar opp i Palestina.
Eg ser fram til både å treffa dei andre og oppleva svært mykje denne veka - føl med på fotsetjinga av reisa her!

-Mari

Ingen kommentarer: