mandag 18. februar 2008

Kvifor slepp me ikkje inn?

Reisa frå Noreg til Palestina er lang – ein skal mellomlanda i Amsterdam, ein skal matast uhorveleg mange gonger på flyreisa, og ein skal landa i eit framandt land midt på natta. Og då har reisa berre såvidt starta...

Vel framme i Tel Aviv suste eg gjennom passkontrollen, Ingvild suste enno greiare gjennom – men Terje stakkar vart teken til side og spurt om kvifor i all vidaste villaste han skulle til Israel. Og når det kom fram at han skulle til Betlehem var det ikkje måte på undring – to sikkerheitsvakter og utspørjing av oss jentene i tillegg måtte til. Men etterkvart fann dei vel ut at ein krinssekretær frå Trøndelag ikkje er so skummel, og ynskte oss eit fint opphald i Israel.
Problemet var jo berre det at me ikkje skulle vera noko særleg i Israel, derimot skulle me bli henta av ein frå YMCA og køyrt til hotellet i Betlehem. Betlehem ligg på Vestbredden i Palestina, og for å komma inn her må ein kryssa grensene mellom dei to statane – og desse grensestasjonane (checkpoints) er styrt av Israel – og ligg dessutan ikkje alltid på grensa. So då sto me der, godt nøgde med å ha sluppe inn i Israel på minimal tid, og fann ingen sjåfør... Etter nesten ei times venting kom han – då hadde han stått i kø i to timar for å passera checkpointen inn til flyplassen. Berre fordi ha er palestinar.

Me rekna med få problem når me fyrst var komne i bilen – klokka var no halv fire lokal tid, og me byrja å kjenna reisa på kroppen. Me køyrte fort mot Jerusalem på fleirfelts motorvegar, og det kjentest rart å sitja i ein bil på slike veger og tenkja på at han som køyrte bilen nettopp hadde brukt to timar på passkontroll, sjekking av bilen og køståing for å komma inn på parkeringsplassen. Men det var ikkje siste stopp. For å komma inn i Betlehem må ein passera ein checkpoint svært nær byen. Her vart me stoppa – og nekta å køyra inn! Pass fram, argumentering og hovudristing. Avslag. Grunn? Bilen var for liten til å kunne innehalda ei gruppe... Då skjønte me litt av kva vanlege palestinarar må finna seg i – og kor nedverdigande det må vera.

Klokka seks låg me i sengene på hotellet, og no burde eg skriva ”og snart klare for ein ny dag” – men det er ikkje heilt sant, for hjelpes kor trøytte me var...

-Mari

Ingen kommentarer: