onsdag 20. februar 2008

Opplevingar i flatlandet

I dag var me i Jeriko! For meg som er frå Lærdal, vennskapskommune med Jeriko, er dette ei stor greie, men eg trur og dei andre var nøgde - varmt og godt (Jeriko ligg 250 m under havet!), flotte folk, spanande program og ein spanande by.
Me var på ein barnehage YWCA driv i ein av flyktningeleirane i Jeriko - ungane var forsiktige til å byrja med, men fotoapparat løyste fort opp stemninga. Me besøkte og YWCA i Jeriko sentrum, der dei driv svært mange program. Som kjent er jo me i Noreg litt sære, som driv med den typen arbeid me gjer, medan her driv YWCA barnehage, dei driv helseopplysing, treningsstudio for kvinner (ingen adgang for menn) og yrkesopplæring, og det fekk me vera med på! Dei driv eit matlagingsprogram, der kvinner lærer både matlaging og marknadsføring, i tillegg til å tena peng til familiane sine. Fem norske og svenske jenter sette i gang med pastakrulling og kakebaking under instruksjon frå ein gjeng pratsomme damer - mykje leing, og djup konsentrasjon.
Om ettermiddagen traff me nokre ungdommar frå Jeriko, mellom anna Nada og Issa som var på besøk i Lærdal i haust. Dei tok oss fyrst med på rådhuset, der me traff ordføraren og vart ynskt offisielt velkomen - litt anna stil enn det me har opplevd elles her. Og so byrja moroa for andre gong!
I rask rekkefølgje besøkte me Sakkeus sitt morbærtre, Hishams palass, Mount of Temptation (fjellet der Jesus vart lokka av Djevelen) og dei gamle bymurane i Jeriko. Jeriko er 10 000 år gamal, og dermed den eldste byen i verda, i tillegg til å vera den lågastliggande, og altså stappfull av viktige og historiske plassar - i tillegg til å vera velsigna god og varm for oss forfrosne Betlehemsbuarar... Det beste med dagen var likevel selskapet, det er spesielt å le og kjenna seg so nær palestinske ungdommar, som me har so mykje felles med - og so vita at dei ikkje har besøkt Dødehavet som ligg 20 minuttar unna på 8 år på grunn av checkpoints, at dei bur i flyktningeleirar og har familiemedlemmar i fengsel utan lov og dom.
No sit me på internettkafe i Betlehem att - og berre Anna orkar å eta kake etter dei mange te- og kaffekoppane, og to store måltid. Me et i store mengder her, den varme velkomsten frå palestinarane tilseier ein skal mata gjestene sine godt. Og det nyt me godt av!
-Mari
P.S. Kjære Lærdal, eg skal helsa so mykje frå Nada og Issa, og resten av Jeriko!

Ingen kommentarer: