onsdag 13. februar 2008

Palestinafarar in spe

Etter TT på Gjøvik i sommar kom eg heim med hovne bein, stive skuldre og augo som sandpapir. I tillegg hadde eg ei god kjensle av å ha utretta noko, og opplevd at det ungdom set seg føre kan dei klara. Ungdommane på TT samla inn nesten 1500 oliventre til Oliventrekampanjen, Keep Hope Alive, og eg hadde fått vera med på det!

Snart fer eg til Palestina, og får vera med på nye ting. I ICY i Bergen (ICY er ungdomsnettverket til KFUK-KFUM Global) jobba me med Palestina og Oliventrekampanjen heile skuleåret 2006/07 - me arrangerte Palestinakveld, me samla inn peng på Vinterfestivalen i Bjørgvin, og me reiste på TT for å vera med på innsamlinga der i tillegg til å ha Global-telt. Det er derfor svært spanande å få vera med på å planta oliventre, sjå korleis kampanjen verkar og sjå og høyra på nært hald korleis stoda i Palestina er. Det kjennest som ei sluttføring for min del, på same tid som eg veit at dette kjem til å skapa eit nytt og enno sterkare engasjement i meg.

Ja, meg ja. Kven er eg? Eg er Mari, 22 år frå Lærdal i Sogn. Lærdal har ein tendens til å gjera folk både heimakjære og eventyrlystne. Etter eit år på eventyr med TenSing Norway i 04/05, omplasserte eg meg derfor til Bergen, passeleg langt ute i verda og passeleg nær heime. Her studerar eg språk og informasjon på universitetet på tredje året, og brukar kveldane mine på dans og ICY, og helgane på anna arbeid innan KM (vel, ikkje alle, men nokre vert det...) I tillegg til at eg sjølvsagt er engasjert i Fjordane (snart Sogn og Fjordane) krins, har det internasjonale engasjementet mitt har auka dei siste åra, etterkvart som det på ulike måtar (f.eks gjennom TSN, LiV 3 til Kenya og ICY) har gått opp for meg kor lita verda eigentleg er, og kor mykje fælt som finst i ho, på same tid som så mykje godt vert gjort. Det er viktig at me kan læra om begge deler, for sjølv å gjera det som er godt. Og det er viktig at me ser menneska bak nyhenda - det håpar eg eg får gjort i Palestina!

Eg avsluttar mitt fyrste innlegg med ei linje frå diktet "Glea" av sambygdingen min Kari Bakke: "So pass stærk lyt'n væra, at'n tåre løfta glea so eit jøs hær i vær'n. Dæ va te de ho va teinkt, sa'n"

-Mari
(bilete: påbegynte olivenlundar på TT)

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Mari!

God tur! Gler meg til du kjem att til Bergen-ICY for å fortelle!
Klem frå Magnhild